Tekststørrelse: aaa

Nyheter

Nytt senter for IKT i utdanningen

ITU, Uninett abc og Utdanning.no skal fra 1. januar 2010 inngå i et nytt, nasjonalt senter for IKT i utdanningen. ITU ser frem til godt samarbeid og spennende oppgaver.

Senteret vil få hovedkontor i Tromsø og et kontor i Oslo. 

Pressemelding fra Kunnskapsdepartementet:

Regjeringa har fastsett at hovudkontoret for Senter for IKT i utdanninga som no blir planlagt, skal plasserast i Tromsø. Det nye senteret skal arbeide for å styrkje kunnskapen om IKT i læringsprosessane og med formidling av denne kunnskapen. Ved oppstarten rundt årsskiftet 2009-2010 vil senteret ha mellom 40 og 50 tilsette.

Dette opplyste kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell i dag under eit arrangement i Forskingsparken til Universitetet i Tromsø.

- Senteret er eit uttrykk for at vi meiner IKT er ein viktig del av utdanningspolitikken. Vi ønskjer at skulane og barnehagane meir effektivt skal nytte IKT for å få til betre læring. Å plassere hovudkontoret i Tromsø inneber at vi ser på nordområda som ein kunnskapsregion. Tromsø har mange, gode kunnskapsmiljø som vil spele ei viktig rolle for senteret, seier Solhjell.

Det nye senteret er ei samanslåing av verksemdene, ITU (Forsknings- og kompetansenettverket for IT i utdanning), Uninett abc og utdanning.no, som alle eksisterer i dag. Hovudoppgåva blir å styrkje kunnskapen om IKT i læringsprosessane og å formidle denne kunnskapen. Vidare vil senteret ha viktige oppgåver innanfor digitale læringsressursar, læringsteknologi, identitetsforvaltning, standardisering og utdannings- og yrkesinformasjon. Det er lagt vekt på at sentret skal gi ei betre utnytting av eksisterande ressursar, og at det skal medverke til å styrkje rettleiingsoppgåvene på dette arbeidsområdet. Målgruppene for sentret er barnehagane, grunnskulen, vidaregåande opplæring og lærarutdanninga.

 

Kommentarer til: "Nytt senter for IKT i utdanningen"

Idium Portalserver 3.0idium webpublisering